Heim

KJEM FOR SAL!

Sentrale utsiktstomter i Djupetjønn Hyttegrend på Hovden

PLASSENUTEN

 

Ny reguleringsplan for Djupetjønn Hyttegrend opnar for ein del nye hyttetomter på Hovden som kjem for sal.

 

I tillegg til tomtesal vil me i samarbeid med Berge Sag sin arkitekt utarbeide forslag til ulike hyttemodellar som er tilpassa området og hyttetomtene. Kanskje ei av dei er akkurat di drømmehytte?

 

I samarbeid med Berge Sag vil me også kunne tilby nøkkelferdige hytter, for dei som ønskjer å kome til dekka bord.

Med eller utan spor

 

Hovden har lange tradisjonar for langrenn og turski. Her er 3 av utbyggjarane på veg ut med pappa i 1974. Bak dei ser me opp i lia der dei nye tomtene kjem. Hovden har noko for alle, enten du vil ha trikkeskinner eller lage dine eigne spor i urørt snø.

På skjær eller i laussnøen


Her er mamma og det første t-trekket på Hovden i 1966. Då jobba pappa på skisenteret.  Det har skjedd mykje sidan den gong! No har Hovden Alpinsenter ein topp terrengpark, varierte løyper, fine laussnøområde og bra servering.

Bade eller fiske

 

3 av utbyggjarane på badetur til Solheimsmoen i 1974. Me skal ikkje påstå at badetemperaturane titt er veldig høge, men mamma badar uansett frå tidleg sommar. Fine turområde og badeplassar finst det mange av, sjå forslag under.

PROSPEKT OG MEIR INFORMASJON KJEM


I mellomtida er det berre å drøyme seg vekk om ny hytte på fjellet med fyr på peisen. Eller ta kontakt om de har spørsmål eller er interessert i å sjå på tomtene. Klikk under for bestilling av prospekt, så sender me informasjon så fort me har meir klart.

PLASSENUTEN



Bak tomte- og hytteprosjektet Plassenuten står grunneigarar og søsken Agnes Fosse Hovden, Ingvild Hovden, Kari Hovden Hoslemo, Unn Hovden og Dag Hovden i samarbeid med Odd Nordmo frå Kristiansand som sjølv har hatt hytte ved Djupetjønn i mange år.

Kontaktinformasjon



Ingvild Hovden:

post@plassenuten.no

Tel 959 79 856


Sørmegleren

Eivind Sæbø Severinsen:

eivind@sormegleren.no

Tel 404 08 047




Nettside levert av Hovdenkontoret